16 august 2008

15 august 2008

14 august 2008

Du vene Voss

Eg gjorde meg eit søk. Eg lo.

12 august 2008

Å kunna det å ikkje kunna

Eg låg og tenkte her om kvelden før eg sovna, det er så mykje eg ikkje kan!
For eksempel så veit eg ikkje at ein lyt pussa ned panelet på kjøkenet før ein kan måle det. Hadde det vore opp til meg, hadde eg målt rett på lakken. Heller ikkje veit eg når ein må skifta kniven til plenklypparen, eller at den sure lukta på badet kan kome av menneskeavfall i sluket. Eg visste heller ikkje, inntil nyleg, at innemaling er vassbasert. Eller at ei stakefjør kan opne opp tette kloakkrøyr. Lista er lang. Det må vere hundre millionar andre ting (minst!) eg ikkje veit om helller! Eg lurar på korleis mitt framtidige husvære skal klare seg.

Men eg kan lage sjokoladekake. Og då tenkjer eg det at, eg kan jo lage sjokoladekake til andre som kan det eg ikkje kan, slik at dei kan gjere det eg ikkje kan gjere, for meg, sant?

Eg trur nok at eg skal få eit fint hus!

10 august 2008

08 august 2008

Helena elle a

Ho har (nok ein gong) funne seg ein liten mann.



07 august 2008

Stole smakar best

Det var dét vi sa før. Allers helst jordbær, plummer og epler. Premiar etter ei natt på slang smakar framleis godt, men kanskje endå betre etter at eg vart klar over at ein faktisk kan bli meld til politiet. Viss ein då er fylt femten. Flaks at eg er fjorten, eller kva.

06 august 2008

05 august 2008

Charlie Brown

Eg har fått meg ein ny ven. Ein som et bananar som ein apekatt, får grøn forstopping av utsikta (gras og tre og slikt) og ber meg hive heile driten i komposten, fordi han ikkje er interessert i den der suppedassen.
Han får meg til å skratte lenge etter eg såg han sist.

Eg går løgne ærend på Vangen for tida, det er for han.