14 februar 2007

Eg lurar på

Om eg held på å verte gamal. I det minste eldre.
Små teikn, no og då.

Eg får til dømes gåsehud av fin musikk, noko eg aldri gjorde før.
Kanskje eg byrjar å verte litt skjør.

05 februar 2007

Regn og fruktigheit i Bergen

Eg vandrar rundt i gatene i byen og det duskregnar, noko som lignar melis, dersom vanleg regn er sukker.
Eg vert våt i andletet og på hovudet, men ikkje innanfor kleda. Vatnet som legg seg på nasen klør litt, og eg skjønar at ein fort kan verte irritabel av vêret. Dropen som siglar ned bakhovudet før han treff nakken gjer det ikkje noko betre.
Men til tross for dette, så vert eg mest glad av vatnet som dryssar ned frå himmelen. Eg tenkjer eg vert oppfriska og fresh, eg tenkjer nemleg på meg som ei frukt som ligg blandt utallige andre i fruktdisken. Nysdusja og f(r)uktig.

02 februar 2007

Livet som abonnent

For fyrste gong i mitt liv er eg vorten abonnent.
Aldri før har eg merka kor fort ei veke går.
Eg rekk nesten aldri å lese ferdig bladet som "kom i går" før det kjem eit nytt.

01 februar 2007

Sigurd Drape Drekar

Eg tykkjer kanskje at filminga og voiceoveren er nesten like underhaldande som sjølve draken.



Og mens me først er innpå temaet, er det nokon der ute som hugsar fillmen Sigurd Drakedrepar? Eg skulle gjerne ha likt å sett det att. Eller kanskje ikkje, når eg tenkjer over faren for kor skuffa eg kan kome til å verte. Og var det verkeleg ein drake med i filmen? Det hugsar eg ikkje.
Enten så står filmen tilbake som eit sterkt minne frå bardomen fordi eg rett og slett synst den var fantastisk, eller så kan de jo vere at eg hugsar han pga at eg vart erta fordi eg ikkje klarde å sei namnet riktig.