12 januar 2009

Nytt år, nye forsett

Eg fekk pulsklokke til jul.

Noko som er heilt fantastisk! No kan eg nemleg liggje i sengja dagen lang og følgje med på kvar einaste hjarteslag. Eit host - fem nummer opp i puls. Litt fleire host - faktisk opp ti. Å gå på do, same som å hoste. Det morar meg. Dessutan kan eg sjå kor mange kaloriar eg forbrenn når eg går til butikken, kor lang tid det tek og ja - pulsen sjølvsagt. Eg kan ærleg innrømme at eg aldri, aldri har følt meg så sunn og frisk, som når eg går for å kjøpe sjokolade. Ja, for det fylgde også med eit slikt pulsband som ein har rundt magen. Eg kjenner det strammar seg rundt meg, som ein livsforsikring.
Forresten har ein mykje høgare hjartefrekvens dagen derpå.
Og så var det forsettene. Eg har to:
Ha det meir morro.
Drikke meir alkohol.