27 mars 2008

Og det var alt

- Hei
- Hallo
(Franske kyss)

(Tomt. Litt for lenge)

- Jaja, ny jakke?
- Nei
- Gratulerer!
- Hadet.

26 mars 2008

Slappa tao, det kjem uansett aldri til å ordna seg.

Slik høyrest den livsfilosof(i)en eg likar best. Som eg har møtt så langt.
Eg skreiv det ned, og plutseleg vart det sjåande ut slik:



Det tok eitt sekund eller to. Men det er vel ofte slik, at det gjerne ikkje tek lenger tid enn det.

25 mars 2008

Post-påske påskepost











Ye'kuana



Ye'kuana er ein stamme i Venezuela. Eg er ikkje derifrå.

19 mars 2008

Le passé est déjà vu

Eg rotar i gamle saker, høyrer på musikk som eg høyrde på då desse tinga var nye. Eg prøver å rydde, kaste slike ting eg ikkje vil sakne når dei først er vekke. Men det er litt vanskeleg. Affeksjon. You know. Så, eg tek bilete! Slik kan eg ha minna, utan å måtte ta vare på all slags objekt. Det tek jo mykje mindre plass.

Her er ein button frå grunnkurs, frå buttonsbedrifta til kompis og meg. Me tente sånn ca. inn alle utgiftene me hadde hatt på maskina og materiale pluss tolv øl. Nett denne buttonen trur eg har noko med Fru Ruud og Otto å gjere, frå Himmelfall. Og så hadde den sjølvsagt noko med oss og gjere.

11 mars 2008

Ka ska det,

ka skal det bety, snurrar i min skalle.

10 mars 2008

verb tie

I dag fekk eg eit brev. I det stod det at eg snart skulle få eitt brev til. Og så stod det ikkje noko meir.

Eg har aldri fått eit slikt eit før. Måtte le litt.
Vil gjerne ha fleire slike!

09 mars 2008

Ap ap ap, tum!


Nr 1: Eg trur eg kanskje kan vere forelska i deg. Eg veit ikkje heilt kva eg tenkjer om det.

Nr 2: Du kjenner meg, babe. Eg er glad i utfordringar.

Musikk: Held fram.

Menneske: Dansar slik dei dansa.

Nr 1: Snur andletet vekk. Ler.

Heldigvis er musikken høg. Veldig høg.

05 mars 2008

03 mars 2008

In a safe place, over the pond

Det er fint. I det varme vatnet ligg eg, på lyden er det noko godt, i lukta også, og i vindauga står to søte flammar. Det finaste er kanskje den gamle klokka som heile tida visar den moglevis finaste tida i verda. Halv ni. Klokka er det heile kvelden, heile tida mens vatnet er alt for varmt, nydeleg, snart litt for kaldt, og til slutt så lunka at eg lyt fylle på litt meir kokvarmt. Halv ni. Fin tid for te. Ikkje for seint, heller ikkje for tidleg. Det vert på ein måte litt sant, der. Tida står stille, og eg har heile verda for meg sjølv. Så lenge eg vil.