28 april 2008

Eigentrening

Eg diktar, diktar og diktar. Passar på å få med akkurat nok detaljar til at det verkar truverdig, nett nok, ikkje for mykje.
Eg fortel om vêr og vind, litt sånn der kjensler og kva eg gjorde. Kva eg burde ha gjort i staden for, og kvifor eg ikkje gjorde det. Vurderer og analyserer. Lever i mi eiga, oppdikta verd. Tek meg i å tru på ho sjølv.
Berre håpar læraren ikkje held ei vêrdagbok. Avslørt, eg?
Blir litt paranoid.

Vinter

Vi tog et tog. Snøen var 1 meter høg og luftig.
Då vi hoppa ned i den ubrøyta grusen var vi kome feil. Det var mørkt som bek, kveld. Så vi kjøpte is.
Det var ein time til tog i motgåande bane skulle kome.
Fløyteis med tjukt, mørkt sjokoladetrekk. Slik som lagar knekkelyd i det ein set tenna i.
Kaldt! Knekk.
Men vi var sju.Det gjekk bra. Sjølv om venterommet var låst.
To av oss var frå Kina. Det var dei som hoppa feil. Små og søte som dei var, var vi også nøydd å hoppe.
Vi lo. Dei grein. Det gjorde vondt i magen. For alle.

27 april 2008

På benk

Han såg rart på meg, sa han ikkje kjende meg att. Spurde korleis det gjekk med syster mi.

20 april 2008

On y va



17 april 2008

Bienvenu monsieur le Printemps

Brillene pussa, same med felgen. Støvet vekke, filteret reinsa. Tanken fylt og bremsane stramma. Mopeden cruisar nok ein gong asfalten.
Det er vår!

12 april 2008

06 april 2008

Himmelfall

Det regnar slik
at eg vert nesten redd
Klaustrofobisk
mykje regn
Det er som om himmelen dett ned
og aldri sluttar å falle