20 februar 2008

Beberbad Bedi

Eg bad for eit matematikkmirakel.
Vart ikkje bønhøyrd.

12 februar 2008

Flink Voss

Eg er ute og ruslar. Eigentleg vakna eg glad, men skulen gjorde meg så trist. Eg måtte nemleg jobbe med noko eg ikkje visste korleis eg skulle arbeide med i media. Eg sat vel ganske fast. Heldigvis hadde eg ein avtale klokka eitt, så eg måtte gå tidlegare, akkurat passe seint til ikkje å måtte kome tilbake att. Etter å ha sete inne heile dagen var eg ikkje heilt klar over kor fint vêr det var. Eller, eg hadde jo allereie sett at det var fint, men fatta liksom ikkje kor herleg det faktisk var. Då eg kom ut vart eg skikkeleg lykkeleg av sola. Ho gjekk rett inn i den mørke delen av meg. Sjølv om gradestokken viste under null hadde bakken byrja å smelte, og lukta god vår. Til og med fuglane song, eg kan ikkje hugse at eg har høyrt dei tidlegare i år. Som du forstår vart eg tvers gjennom kjempeglad. Midt i denne utopiske verda klarar eg sjølvsagt å gløyme avtalen. Eg vimsar rundt, ser på fjella med melis på og sukkerspinntrea. Eg tek så mange bilete med mobilen (og ser kul ut) at eg seinare på dagen må bruke eit kvarter på å slette dei att - for kva skal eg med hundre bilete av skulevegen min? Det er jo ikkje akkurat slik at eg ikkje hugsar korleis den ser ut. Eg har sikkert gått der eittusenfemhundre gongar til no.
Eg kjem plutseleg på avtalen igjen, og rekk den berre eit kvarter for seint og tenkjer at det her er ein bra dag. Og at det kan vere fint her på Voss, i grunn.


10 februar 2008

08/09

Det vart Nansenskolen - idé, kultur og samfunn!

08 februar 2008

Ojdå

Eg har kome inn på alle folkehøgskulane eg har søkt på, og står no overfor eit stort dilemma.

Valet står mellom FN-linje og Idé, kultur og samfunn.

Men vent litt, det er ikkje berre det. Først og fremst må eg velje om FN-linja på Sund Folkehøgskule, eller FN-akademiet på Arbeiderbevegelsens Folkehøgskole skal vere det eine alternativet. Allereie her stoppar det litt opp. Det er jo heilt fantastisk vanskeleg å velje vekk ein av dei!

Men tenk, eg kom inn på Nansenskolen! Eg er ganske veldig så stolt. Og ynskjer sjølvsagt å gå på Idé, kultur og samfunn!

Kanskje eg rett og slett bør ta eitt år med FN og eitt med Nansen?
Det er det einaste fornuftige eg klarar å tenkje, sjølv om det eigentleg ikkje er så frykteleg fornuftig det heller.

04 februar 2008

Nytt og godt nytt frå Voss

Nyoppdaga, feilplasserte smilehol er det siste nye. Fantastisk. Varme tøflar på beina er ikkje kalde. Voss inkl. mor med sameskor snøar ned.
Februar, februar!