12 februar 2008

Flink Voss

Eg er ute og ruslar. Eigentleg vakna eg glad, men skulen gjorde meg så trist. Eg måtte nemleg jobbe med noko eg ikkje visste korleis eg skulle arbeide med i media. Eg sat vel ganske fast. Heldigvis hadde eg ein avtale klokka eitt, så eg måtte gå tidlegare, akkurat passe seint til ikkje å måtte kome tilbake att. Etter å ha sete inne heile dagen var eg ikkje heilt klar over kor fint vêr det var. Eller, eg hadde jo allereie sett at det var fint, men fatta liksom ikkje kor herleg det faktisk var. Då eg kom ut vart eg skikkeleg lykkeleg av sola. Ho gjekk rett inn i den mørke delen av meg. Sjølv om gradestokken viste under null hadde bakken byrja å smelte, og lukta god vår. Til og med fuglane song, eg kan ikkje hugse at eg har høyrt dei tidlegare i år. Som du forstår vart eg tvers gjennom kjempeglad. Midt i denne utopiske verda klarar eg sjølvsagt å gløyme avtalen. Eg vimsar rundt, ser på fjella med melis på og sukkerspinntrea. Eg tek så mange bilete med mobilen (og ser kul ut) at eg seinare på dagen må bruke eit kvarter på å slette dei att - for kva skal eg med hundre bilete av skulevegen min? Det er jo ikkje akkurat slik at eg ikkje hugsar korleis den ser ut. Eg har sikkert gått der eittusenfemhundre gongar til no.
Eg kjem plutseleg på avtalen igjen, og rekk den berre eit kvarter for seint og tenkjer at det her er ein bra dag. Og at det kan vere fint her på Voss, i grunn.


Ingen kommentarer: