31 juli 2006

It's UpTime!

28 juli 2006

23 juli 2006

17 juli 2006

my soft spot for busdrivers

eg kjem i frå bergen, det er relativt tidleg på dagen, det regnar, eg er trøtt og ikkje minst ganske lat.
Togdøra eg kom ut av stod parallellt med inngangen til togstasjonen. eg gjekk gjennom, og fant straks ein minibuss. Bare då eg stod der i eit par sekundar vart småskoa mine våte, og kva passa vel ikkje bedre som argument mot den ekle og litt kvalme sjølvbebreidelsen av latskap og giddalaushet som vaks inni meg.
Men heldigivs! Desse tåpelege følelsane blei fort vekke, då eg merka at eg var den einaste passasjeren. I dei, kanskje to, neste minuttane eg satt på bussen, (eg tok akkurat bussen to stopp, (og ja, eg har ungdomskort)), følte eg meg skikkelig glad og letta for at eg hadde velt å ta bussen. Eg følte eg virkelig hadde begått ein god gjerning, nesten som om eg hadde hjelpt eit sultent barn i afrika. Men berre nesten. Mor Teresa. For tenk, eg gjorde kanskje arbeidsdagen til bussjåføren til ein verdig dag. Eg er sikker på at han er evig takknemlig for at eg tok bussen likevel. Tenk måtte han ha køyrd ein heil buss muttens åleine.

Så kjøyrde Gurin Reverompa, for det var sånn han såg ut, ikkje forgjeves i dag heller.

Takk Siri, er eg sikker på at han tenker, uansett kor han måtte befinne seg no.

16 juli 2006

æsj

er det berre eg som føler at ein ny dag betyr ei slags "ny" siri? eg seier og tenkjer noko ein dag, som neste dag er gløymt. eg planlegg f.eks å begynne å spele gitar. og det gjer eg. den dagen eg planlegg det. neste dag er allle intensjonar og planar sletta frå minnet, og eg kan ikkje ein gong huske det eg planla dagen før. og om eg gjer det, husker eg ikkje kvifor. og alt engasjementet er vekke.

æsj

05 juli 2006

Borte bra, heime fest.



Klokka var halv seks, toget stoppa pa Voss, eg som ikkje har sovd pa tre døgn omtrent dett ut av toget og inn i armane til mamma. Voss er der, akkurat som Voss har vore der heile tida mens eg har vore vekke. Plutselig forsvinn følelsen av belgia og det er som om eg har vore vekke ei veke.



Eg har komt heim, slår på dataen, og finner egndeleg Å, Ø og Æ pa tastaturet - men glommer a bruke dei.



Det var utrulig fint a vere tilbake. Det er som om pusslespillet løser seg sjolv. Brikka mi passer perfekt inn. Eg veit kva som skjer. Eg veit f.eks at det er greit at gar rundt i trusa i huset. Eller elefantkaps. Eller begge deler samtidig. Eg er ikkje pa besok lenger. Hurra! I tillegg kan eg danse pa stova, og leike mongo. Og det er heilt greit. Det er faktisk noe av det mest naturlige som kunne ha skjedd nar musikken star pa.



Da eg slo pa dataen i dag fant eg ein del bilder som bare hadde sletta seg fra hukommelsen min. Det var øorsoøt (= morsomtm siden M i belgia er plassert der Ø er plassert her.)