17 juli 2006

my soft spot for busdrivers

eg kjem i frå bergen, det er relativt tidleg på dagen, det regnar, eg er trøtt og ikkje minst ganske lat.
Togdøra eg kom ut av stod parallellt med inngangen til togstasjonen. eg gjekk gjennom, og fant straks ein minibuss. Bare då eg stod der i eit par sekundar vart småskoa mine våte, og kva passa vel ikkje bedre som argument mot den ekle og litt kvalme sjølvbebreidelsen av latskap og giddalaushet som vaks inni meg.
Men heldigivs! Desse tåpelege følelsane blei fort vekke, då eg merka at eg var den einaste passasjeren. I dei, kanskje to, neste minuttane eg satt på bussen, (eg tok akkurat bussen to stopp, (og ja, eg har ungdomskort)), følte eg meg skikkelig glad og letta for at eg hadde velt å ta bussen. Eg følte eg virkelig hadde begått ein god gjerning, nesten som om eg hadde hjelpt eit sultent barn i afrika. Men berre nesten. Mor Teresa. For tenk, eg gjorde kanskje arbeidsdagen til bussjåføren til ein verdig dag. Eg er sikker på at han er evig takknemlig for at eg tok bussen likevel. Tenk måtte han ha køyrd ein heil buss muttens åleine.

Så kjøyrde Gurin Reverompa, for det var sånn han såg ut, ikkje forgjeves i dag heller.

Takk Siri, er eg sikker på at han tenker, uansett kor han måtte befinne seg no.

Ingen kommentarer: