08 desember 2007

Langbein

Namnet Langbein har for min eigen del fått ein heilt ny definisjon. I følgje idealmannen til Da Vinci, er navlen kroppens midtpunkt. Men målar du lengda frå føtene til navlen på Mattis Hætta, for så å sjå kor langt du kjem over hovudet, ja då kjem du nok til nordland, kvar han her kjem frå.
I tillegg elskar eg andletsuttrykket til han i kofte.
Meir godbitar frå Grand Prix finn du her.

07 desember 2007

I mars reiser eg til Gøteborg

Eg bestemte meg fordi eg tenkte
1) Det er lenge sidan eg har vore med deg
2) Det er lenge sidan eg har vore i Sverige
4) Det er lenge sidan eg har vore på konsert
5) Det er lenge sidan eg har sett Tegan and Sara
6) Det er lenge sidan eg har vore med deg i Sverige på konsert med Tegan and Sara.


03 desember 2007

O Helga Skatt

Julegata er opna, me har begynt på adventskalendaren, og nokre få kastar seg ut i butikkar i håp om å få byrja på handlelista. Eg er ein av dei. Men til forskjell frå strukturerte menneske, har eg ikkje ei liste. Eller jo, eg har jo ei liste over kven eg har tenkt å gje noko til jul. (Her kunne eg sjølvsagt ynskje at eg hadde skrive "liste over kven eg har tenkt å lage noko til".)
Eg har prøvd meg, og eg skal ikkje gje opp. Problemet er det at for kvar gong eg leitar etter noko, ja så finn eg sjølvsagt berre ting til meg. Det har skjedd tre gonger til no, og eg har kjøpt til saman fire julegåver. Du kan vel sjølv rekne ut kor mange prosent av gåvene som er til meg, men viss du ikkje orkar kan eg gjere det for deg: 75 %!
Men det er kanskje ikkje så rart. Eg veit jo veldig godt kva eg likar, og ikkje fullt så godt kva du likar.
Så la oss gjere det enkelt; kan me ikkje heller skrive koselege jolekort til kvarandre?

Nei, forresten. Eg vil gjerne ha gåver. Forresten så betyr vel det dobbelt opp for meg! For kvar gåve eg kjøper til nokon andre, får eg endå fleire sjølv. Flott, jammen godt eg bur i denne avkroken av verda. Flaks.