Eg har prøvd meg, og eg skal ikkje gje opp. Problemet er det at for kvar gong eg leitar etter noko, ja så finn eg sjølvsagt berre ting til meg. Det har skjedd tre gonger til no, og eg har kjøpt til saman fire julegåver. Du kan vel sjølv rekne ut kor mange prosent av gåvene som er til meg, men viss du ikkje orkar kan eg gjere det for deg: 75 %!
Men det er kanskje ikkje så rart. Eg veit jo veldig godt kva eg likar, og ikkje fullt så godt kva du likar.
Så la oss gjere det enkelt; kan me ikkje heller skrive koselege jolekort til kvarandre?
Nei, forresten. Eg vil gjerne ha gåver. Forresten så betyr vel det dobbelt opp for meg! For kvar gåve eg kjøper til nokon andre, får eg endå fleire sjølv. Flott, jammen godt eg bur i denne avkroken av verda. Flaks.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar