29 januar 2007

Herleg

Slik vil eg òg gjerne lære meg! Det er berre synd eg er litt smårastlaus.

26 januar 2007

Då linedansaren var komen halvvegs tok tauet slutt.

23 januar 2007

Jordgubban

For ikkje så lenge sidan var det nokon som kalla meg lilla jordgubban. Det fekk meg til å tenkje tilbake på jordbærtida. Den perioden som byrja ein gong på ungdomskulen, som på ein måte aldri heilt forsvann.
Framleis finn eg nokre gonger att små ting som høyrde tida til. Andre er forsvunne.
Poenget er ikkje det materialistiske, men heller kva desse tinga var eit uttrykk for.




Jordbærtruser
Jordbærpyjamas
Jordbærpengepung
Jordbærstrikk
Jordbærtopp
Jordbærsokkar
Jordbærbelte
Jordbærøyredobbar
Jordbær


Det gjer meg framleis lukkeleg å tenkje på det. Raude gode bær, som minner om dei beste somrane nokon gong.