03 mars 2008

In a safe place, over the pond

Det er fint. I det varme vatnet ligg eg, på lyden er det noko godt, i lukta også, og i vindauga står to søte flammar. Det finaste er kanskje den gamle klokka som heile tida visar den moglevis finaste tida i verda. Halv ni. Klokka er det heile kvelden, heile tida mens vatnet er alt for varmt, nydeleg, snart litt for kaldt, og til slutt så lunka at eg lyt fylle på litt meir kokvarmt. Halv ni. Fin tid for te. Ikkje for seint, heller ikkje for tidleg. Det vert på ein måte litt sant, der. Tida står stille, og eg har heile verda for meg sjølv. Så lenge eg vil.


Ingen kommentarer: