12 august 2008

Å kunna det å ikkje kunna

Eg låg og tenkte her om kvelden før eg sovna, det er så mykje eg ikkje kan!
For eksempel så veit eg ikkje at ein lyt pussa ned panelet på kjøkenet før ein kan måle det. Hadde det vore opp til meg, hadde eg målt rett på lakken. Heller ikkje veit eg når ein må skifta kniven til plenklypparen, eller at den sure lukta på badet kan kome av menneskeavfall i sluket. Eg visste heller ikkje, inntil nyleg, at innemaling er vassbasert. Eller at ei stakefjør kan opne opp tette kloakkrøyr. Lista er lang. Det må vere hundre millionar andre ting (minst!) eg ikkje veit om helller! Eg lurar på korleis mitt framtidige husvære skal klare seg.

Men eg kan lage sjokoladekake. Og då tenkjer eg det at, eg kan jo lage sjokoladekake til andre som kan det eg ikkje kan, slik at dei kan gjere det eg ikkje kan gjere, for meg, sant?

Eg trur nok at eg skal få eit fint hus!

1 kommentar:

Anonym sa...

Skal du ha eit fint hus, er det bra du ikkje kan alt. Hadde du kunne alt ville det blitt eit perfekt hus, ikkje skakt og sjarmerande, og soleis ikkje fint.