18 juni 2008

Husflid

Eg er ferdig no. Javel, tenkjer kanskje du. Men herregud, eg skal jo aldri gå meir på sånn her skule!

Hoi, hjelp og hurra! EG ER FERDIG!

29 mai 2008

Lemus

Berre for å ha det svart på kvitt: Eg har hatt ei leamus under det venstre auga i tre veker.

Ho har vore passeleg tolerabelt aktiv tidlegare. Men i staden for å kome ein gong i dagen som vanleg, kjem ho no ein gong i timen.

Why don't you just bite me!

26 mai 2008

Ein heller misnøgd fing


skoten av ei stiftemaskin.

22 mai 2008

uroleg

Sjø og saltvatn. Det ynskjer eg akkurat no. Vind som dansar langs kinna, rundt augo, over kinnbeinet. Vill varm vind som rufsar. No. Vil helst sleppe å tenkje. Vil flyte. Det er lenge sidan sist. Eg trur eg kjem til å le, dersom eg sit i eit tre om tjue år. Men det gjer eg ikkje no. Innanfrå ser det fint ut, når eg kjem ut er det likevel kaldt. Slik blir eg lurt. Om eg visste om det. Om eg berre. Ei kongle treff bunnen. Det var ikkje eg som kasta. Eg er kvalm. Treng å sjå sjø.