22 mai 2008

uroleg

Sjø og saltvatn. Det ynskjer eg akkurat no. Vind som dansar langs kinna, rundt augo, over kinnbeinet. Vill varm vind som rufsar. No. Vil helst sleppe å tenkje. Vil flyte. Det er lenge sidan sist. Eg trur eg kjem til å le, dersom eg sit i eit tre om tjue år. Men det gjer eg ikkje no. Innanfrå ser det fint ut, når eg kjem ut er det likevel kaldt. Slik blir eg lurt. Om eg visste om det. Om eg berre. Ei kongle treff bunnen. Det var ikkje eg som kasta. Eg er kvalm. Treng å sjå sjø.