- Hei
- Hallo
(Franske kyss)
(Tomt. Litt for lenge)
- Jaja, ny jakke?
- Nei
- Gratulerer!
- Hadet.
27 mars 2008
26 mars 2008
Slappa tao, det kjem uansett aldri til å ordna seg.
25 mars 2008
19 mars 2008
Le passé est déjà vu
Eg rotar i gamle saker, høyrer på musikk som eg høyrde på då desse tinga var nye. Eg prøver å rydde, kaste slike ting eg ikkje vil sakne når dei først er vekke. Men det er litt vanskeleg. Affeksjon. You know. Så, eg tek bilete! Slik kan eg ha minna, utan å måtte ta vare på all slags objekt. Det tek jo mykje mindre plass.
Her er ein button frå grunnkurs, frå buttonsbedrifta til kompis og meg. Me tente sånn ca. inn alle utgiftene me hadde hatt på maskina og materiale pluss tolv øl. Nett denne buttonen trur eg har noko med Fru Ruud og Otto å gjere, frå Himmelfall. Og så hadde den sjølvsagt noko med oss og gjere.

11 mars 2008
10 mars 2008
verb tie
I dag fekk eg eit brev. I det stod det at eg snart skulle få eitt brev til. Og så stod det ikkje noko meir.
Eg har aldri fått eit slikt eit før. Måtte le litt.
Vil gjerne ha fleire slike!
Eg har aldri fått eit slikt eit før. Måtte le litt.
Vil gjerne ha fleire slike!
09 mars 2008
05 mars 2008
03 mars 2008
In a safe place, over the pond
Det er fint. I det varme vatnet ligg eg, på lyden er det noko godt, i lukta også, og i vindauga står to søte flammar. Det finaste er kanskje den gamle klokka som heile tida visar den moglevis finaste tida i verda. Halv ni. Klokka er det heile kvelden, heile tida mens vatnet er alt for varmt, nydeleg, snart litt for kaldt, og til slutt så lunka at eg lyt fylle på litt meir kokvarmt. Halv ni. Fin tid for te. Ikkje for seint, heller ikkje for tidleg. Det vert på ein måte litt sant, der. Tida står stille, og eg har heile verda for meg sjølv. Så lenge eg vil.

Abonner på:
Innlegg (Atom)