23 mars 2006

Eg har egentlig ikkje noe spesielt a blogge om. Men eg kan jo fortelle om ting som at... eg har fri i morgo, at det er skikkelig fint vêr ute, og at eg skal baka kveitebollar. Sanne gode som mamma noen gonger pleier a lage. Sanne som eg et meg stappmett av, kvar einaste gong dei er a finne i kjókkenskuffen. At vertsfamilien min reiser til venezuela om 9 dagar, og at IBe kjem ned. Og, at eg har bestemt meg for a kjope digitalkamera. Men det far vente til neste mnd.
Til hela skal eg til den tyske delen av Belgia pa karneval. Le Carnaval de mid-carem. Pa Atle sin bursdag skal eg til Spania, pa besok til Vilde! Eg gleder meg. Men eg stiller desverre ikkje opp i bunad. Fordi det sikkert hadde vore alt for vamt, fordi eg ikkje har bunad her i Belgia, og litt fordi eg ikkje har bunad i det heile tatt.
I dag var det 100-dagen pa skulen. Det betyr at les rhètos, "russen", gjekk amok med egg, vann, mjól og sprittusj. Og kostyme! Det var morsomt. Spesielt fordi dei mest forfengelige blei angrepet mest. 100-dagen betyr forresten at det er den hundrede dagen igjen pa skulen. Folk var heilt i ekstase for endeleg a fa gjere litt oppgjór mot den ellers sa fengselsaktige og autoritaere skulen. Synd det berre varte ein dag. Det var morsomt a se pa folk med barberingsskum, konfetti, mel og lebestift over heile seg. Folk blei misunnelege nar eg fortalde om russetida i Noreg. Det kan eg godt forsta.
Kva ellers skjer? Har eg fortald at eg har blitt syklist? Eg trur eg har det, men la meg gjere det ein gong til. Vanlegvis, sett bort fra ein periode etter jul da eg gjekk til skulen til fots, har eg tatt den stinkandes, treige og klamme bussen til skulen. Men no har eg altsa byrja a sykle, og det er kjempeherlig! Eg blir i godt humór av det. Og det gjer at eg far sjekka ut nye nabolag og gater, berre for a sykle pa nye plassar. Eg var stolt over dette, men sa ein dag pa skulen fekk eg ein melding av vertsmor: "No har eg forstatt kvifor du syklar til skulen. Busshuset ringte og sa du kunne hente bussabonnementet ditt der i dag." Kom igjen kvinnfolk, give me some credit! For det fórste sa hadde eg allereie sykla i over to veker, og for det andre sa hadde eg busskortet mitt heile tida, bare ikkje den siste kvelden (men det visste jo ikkje ho om.) Men ok, greit nok. Men tingen er at me allerede hadde snakka om at eg sykla, og at ho synst det var eit bra tiltak. Der eg svarte "takk, det synst eg òg." Med andre ord, trur ho verkeleg at eg gar rundt a lyg?
Men det er ikkje akkurat ein hemmelighet, me er ikkje verdens beste pa kommunikasjon. (No er det berre 99 dagar igjen til 4 juli (nei, ikkje hurra usa, men hurra for at eg kjem heim!))
Mitt nye prosjekt er a lage mat. Det skjer nemleg ofte at eg er heime, og ikkje har noe spesielt a gjere. Eg laga middag i gar; pizza med crème fraîche-saus. (Den var god! (Tine) Noe ma eg jo bli god pa nar eg er her.

Og her var det meininga at eg skulle komme med ein slags konklusjon. Men veit ikkje kva det skulle ha vore. At det gar fint, litt ikkje fint, og sa etterpa veldig fint igjen? Det gar ia alle fall veldig opp og ned. Det er kjekt a vere vekke, men det kan folest litt einsomt ut òg. Men ja, det gar fint. Eg har det jo bra.

4 kommentarer:

Anonym sa...

stå på siri!! :D

Reidar sa...

Siri du tenker mykje på lukt. Den illeluktende bussen og gangen og toalettet og emilio og... ja. du fatter poenget. Eg veit ikkje heilt ka stilling eg har tatt til din lukt opphengthet endå, men eg skal tenke på d og komme med en soleklar dom!...

Eg er nøytral.

The end

Anonym sa...

Eg lager en kommentar for å takke for cden Atle kom til meg med, fra deg. Eg har hørt litt på det før, men slettet det fordi eg, då, ikkje klarte å akseptere vokalisten. Alt eg hørte var ting eg såg og eg hørte derfor ikkje musikken. Når eg hørte det no var det veldig bra.. Videre vil eg gi deg en abstrakt klem.

- There are no victories, through all of history, without love.

Eg ville bare sitere nokke, og det er et av yndlingsene. så ja. vi talast tøffa.

Siri sa...

kva?
har eg skreve noko om kjaerasten min og lukt?