07 mai 2007

04 mai 2007

Roskilde

Hallo deg der ute!
Vere med?
Gje meg ein lyd. Adressa mi er sirirh på gmail.

23 april 2007

Nils på landet









Eg har alltid trudd at éin person kunne leve for alltid. At også han måtte døy ein dag var jo sjølvsagt, sjølvsagt - til og med når eg var liten forstod eg det. Men det var på ein måte noko anna å tenkje at han kunne leve for alltid.
Han eg snakkar om er naboen på landet; Nils. Alltid frisk i kjeften, alltid ufrisk i kleda, med røyksnipp i munnvika, fisk i lomma, køyrandes til postkassa 10 m unna. Han som gjorde meg stappmett på ferske gulerøter, kål og jordbær rett frå jorda kvar einaste sommar. Han som song "Når jeg blir seks og seksti", mens eg prøvde å tvinge i meg fiskesuppa hans der eg sat attmed rosebusken som heitte Sylvi, slik venen hans gjorde.
Men i helga, då eg var på besøk hjå han fekk eg meg ei overraksing. Der, innerst i kroken på kjøket satt han som ein liten fugelunge. Ein uglebaby, trur eg. Eg veit ikkje, men eg vart så trist, fordi der satt han forvirra og skrøp som eg aldri hadde trudd eg kom til å sjå han. Det var nesten som eg sakna den stormunna, ølglade naboen der eg sat.

28 mars 2007

Honda L Snuten

For fyrste gong på fleire år har eg vore på årets første skitur, og den varte i ikkje mindre enn 8 timar. Ja, slik går det når mor lokkar deg ut på ein liten tur. Hadde eg visst den skulle vere så lang hadde eg nok sikkert ikkje vorte med, eg hadde i alle fall klaga mykje meir - berre ved tanken på kor langt eg måtte ha gått. No er eg sjølvsagt frykteleg stolt. Eg har vore på min livs lengste skitur, og på Voss sitt høgaste fjell Hondalsnuten. Takk fru mor, for at du lurde meg med!
j
j

17 mars 2007

14 februar 2007

Eg lurar på

Om eg held på å verte gamal. I det minste eldre.
Små teikn, no og då.

Eg får til dømes gåsehud av fin musikk, noko eg aldri gjorde før.
Kanskje eg byrjar å verte litt skjør.